
— Dr. Seuss Author/Poet
Eg har i fleire år teke gruppebilete av konfirmantane i Florø. Tidlegare har kyrkja dekka fotograferinga, men dette er ikkje lenger mogleg. Difor vert gruppebiletet no tilbydd direkte til konfirmantgruppa.
Prisen gjeld per konfirmant fordi biletet er felles for heile gruppa. Tilbodet gjeld kun dersom alle i gruppa bestiller, slik at digital fil og A4-kopiar kan delast rettferdig mellom alle konfirmantane.
For å gjere prosessen enkel, må gruppa velje ein kontaktperson som har ansvaret for å bestille gruppebilete for alle konfirmantane.
Kontaktpersonen samlar inn bestillingar og betaling frå foreldra, og eg sender deretter samlefaktura for heile gruppa.
Booking må skje før 1. april same år.
Den digitale filen kan og brukast av Den norske kyrkje.
Dersom de har spørsmål, er de velkomne til å ta kontakt:
Cecilia Molander
cecilia@ceciliaphotography.no
Du kan òg bestille bilete når konfirmanten blir velsigna og når han/ho tenner lys. Eg står oppe i galleriet, og derifrå tek eg flotte bilete av konfirmanten din. Sjå bileteeksempel nede.
Du må bestille seremonibilete seinast 2 dagar før konfirmasjonsdagen. Eg tek ikkje bilete av dei som ikkje har booka på førehand.
Pris for papirkopiar av seremonibilete i kyrkja:
Digital fil av seremonibileta er inkludert og blir levert i same storleik som papirkopia etter at bileta er betalt.
Hamregata 36, Evja
Florø
Ope:
Måndag - Fredag
10:00 - 15:30
Elles etter avtale.
(Send mail først. Eg kan vere ute på oppdrag.)
Mail:
cecilia@ceciliaphotography.no